Ungdomsrådet 10.11.2016

Ungdomsrådet 10.11.2016

Ungdomsrådet i kommunestyret

Ungdomsrådet i Modalen var i dag å presenterte seg for kommunestyret i Modalen. Dei fortalde om kva saker dei syntest det var viktigt at politikarane i Modalen lag vekt på for å få ungdommane til å trivast på heimstaden sin. 

Følgjande var til stades: Oda Mo Eikefet (leiar), Hilde Brørvik, Kaja Mo Eikefet, Håvar Lundekvam, Johanne Midtun, Julie Brekkhus, Jakob Farestveit.

Etter at medlemane hadde presentert seg, fortalte leiar Oda Mo Eikefet om kva ungdomsrådet ønskte å setje sin fokus på.

Gjennnom politikk fremma ungdomsperspektivet i ulike saker

Skapa betre felleskap mellom, og møteplassar for ungdomane. Har siste år gjennomført 2 arrangement - filmkveld og grilling

Ungdomsrådet ønskjer derfor eit samarbeid med kommunestyret om ulike saker

Ungdomsrådet er oppteken av korleis det skal vere i Modalen i åra framover og peika på 3 viktige område dei ville engasjere seg i.

Miljø - tilrettelegging for el.bilar, kommunen skal vere eit miljøfyrtårn, nye bygg må ha miljømessige kvalitetar

Skulehelsetenesta må styrkjast også innan psykisk helse

Fritidstilbod for ungdomar - ha ein plass å vere for ungdomane

Ordførar vart til sist utfordra om: Kva kan gjerast for å setja ungdomane sine interesser i fokus?

Ordførar og kommunestyret vil leggje til rette for dialog med ungdsomsrådet . I år vil budsjett/økonomiplan verte oversendt ungdomsrådet til uttale.

Kommunestyret og ungdomsrådet10.11.2016
Kommunestyret og ungdomsrådet10.11.2016
Web levert av CustomPublish