Otterstadstølen

Otterstadstølen

Turmål og friluftsområde

Ved sjøen

I Modalen finn du eit dramatisk vestlandsk fjordlandskap. Når du kjem sjøvegen passerar du Mostraumen, ein særegen og vakker tidevatnstraum. Her og lenger inne i Mofjorden, er det mange gode fiskeplassar. Ein båttur på Mofjorden er ei fin naturoppleving.

Turar i skog og mark

Otterstadstølen

Otterstadstølen høyrer til gardane Otterstad. Me følgjer stølselvi frå Grønhaug. Like overfor Grønhaug deler stigen seg i Buførevegen og stølsvegen. Ein kan velje kva veg som helst for begge møtest att før Otterstadstølen. Vegen til Otterstadstølen er ikkje så krevjande, og etter tre kvarter ser ein stølhusa der dei ligg pittoresk til på ei flate ved rota av Laurdagsfjellet.

Området ved stølen 200 -300 moh er dominert av eit kraftig granbelte. Dette er Norges vestlegaste viltveksande granskog, og somme av trea er svært gamle. Området er naturvernreservat.

Otterstadstølen vart sett opp tidleg på 1900-talet og det var drift der fram til 1960. Stølshusa er tekne vare på og det er og høve til å leige eit til overnatting.

 

Mo - Mostølen

Det finst to vegar opp til Mostølen: Buførevegen og Motødna. Førstnemnde stig har utgangspunkt ved munningen av Modalstunnelen, sistnemde klorar seg opp bratthenget like ved Bryggjeslottet. Begge vegane gjev storslått utsikt over delar av Modalen og Mofjorden. Mostølen ligg på 487 meter høgd. Turen tek 2-3 timar.

Nygard - Nystølen

Fjellgarden Nygard ligg 22 kilometer frå sjøen og 373 meter over havet. Garden vart rydda og busett kring 1600. Stigen går attmed Oselvi, på nordsida av Steinavatnet (500 moh) og til Nystølen. Dette er ein fin tur både sommar og vinter.

Slottet

Frå Stokkevika går det ein godt merka sti opp til Slottet som er ei gigantisk klippeblokk omlag 200 m over havet. Halvegs opp mot Slottet ligg Hestabotn. Her får ein oppleva gamal barlindskog. Området er med i den nasjonale verneplanen for barlind og kristorn. Lett tur, 1 time tur-retur.

På fjellet

I Stølsheimen finn du mangfaldet som vestlandsnaturen har å by på. Her bratte lier, frodige stølsdalar og snautt høgfjell. Her er fiskerike vatn, rolege vassdrag og fossar som kastar seg ned fjellsidene. Modalen er ein naturleg startstad for turar inn i området. Turane kan du starta frå Mo sentrum eller fylgje ein av anleggsvegane som fleire stader går heilt opp i snaufjellet. Desse vegane har gjort dei ni hyttene som Bergen Turlag eig lettare tilgjengeleg for fleire, både sommar og vinter. Det er fleire stader korte dagsetappar mellom hyttene i Stølsheimen og området eignar seg difor godt for barnefamiliar.

Web levert av CustomPublish