Trusopplærar, Den norske kyrkja Mo sokn

Mo sokn har har ledig 33% stilling som trusopplærar.

Mo sokn har har ledig 33% stilling som trusopplærar. Trusopplæringsarbeidet i Nordhordland prosti er geografisk organisert i 5 einingar der Modalen og Masfjorden kommunar utgjer ei av desse.

Arbeidsoppgåver:

  • Vidareføra vårt trusopplæringsarbeid i samarbeid med tilsette og frivillige
  • Fullføra og setja i verk trusopplæringsplan for Mo Sokn
  • Delta med medansvar på dei gudstenestene som er relevante for stillinga  
  • Delta i arbeidet med å skaffa frivillige medarbeidarar

Personlege eigenskapar:

Du likar å arbeida med born og unge, har evne til samarbeid, men arbeider gjerne sjølvstendig når det trengst.

Arbeidsstad:

Kyrkjekontoret  i kommunesenteret på Mo.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning innan t.d. kristendom, musikk, pedagogikk/formidlingsfag.
  • Relevant erfaring kan kompensera for manglande formell kompetanse.
  • Tilfredsstillande politiattest(barneomsorgsattest) må leggjast fram ved tilbod om stillinga.
  • Stillinga medfører noko helge- og ettermiddagsarbeid. 
  • Søkjar må vera medlem av Den Norske Kyrkja.

 

Du vil få tilbod om:

  • Løns- og arbeidvilkår i samsvar med gjeldande regulativ og tariffavtale
  • Stillingsstorleik 33%
  • Heimekontor for ein del av stillinga

Søknadsadresse:  Kyrkjekontoret i Modalen, Postboks 15, 5729 Modalen.

Søknadsfrist:  19. mai 2014

Kontaktinformasjon:

Kyrkjeverge Harald Farestveit, tlf. 95160970/56599033

E-post: harald.farestveit@modalen.kommune.no

 

Web levert av CustomPublish