Temakveld for nye skogeigarar

Landbrukskontora i Nordhordland og Bergen og Glade bønder arrangerer temakveld for nye skogeigarar torsdag 15.mars, kl. 18.30-21.00.

Møtet skal vere i kantina i rådhuset på Frekhaug.

Det står mykje tømmer i regionen, og det godt grunnlag for å produsera kvalitetstømmer. Mange nye skogeigarar har etterspurt meir kunnskap om korleis dei skal forvalta skogen. Derfor ynskjer vi å ha ein informasjonskveld der der de kan få fagleg påfyll.

Føremålet for kvelden er å gje dei som er nye skogeigarar eller skal ta over skog ein innføring i skogbruket. Det vil vere ein gjennomgang på nokre sentrale tema som hogst, hogstmodenheit, forynging  og skogskjøtsel. I tillegg kjem skogeigar Paul Særvold i frå Bergen for å fortelje litt om sine erfaringar som skogeigar.

Web levert av CustomPublish