Sykkeltur

Sykkeltur

Sykkeltur på Rallarvegen 2015

Mo skule gjennomfører kvart tredje år sykkeltur på Rallarvegen for alle elevar på ungdomssteget.

I år tok me turen 15.-16.september. Me køyrde buss til Haugastøl, der me starta turen i kuling og regn dei fyrste tre mila opp til Finse. Våte og kalde kom me fram til Finshytta om ettermiddagen. Onsdagen sykla me vidare over fjellet til Flåm. Vêret var mykje betre denne dagen, og me hadde ein fin tur.  Me har ein gjeng spreke og flinke ungdommar som tek godt vare på kvarandre og oppfører seg flott på tur.
Takk til Oddvin som var med som sykkel- transportør og reparatør.    

sykkltur på Rallarvegen_1365x768.jpg

Web levert av CustomPublish