Strand og bossrydding i Modalen

Modalen kommune legg opp til ein strandryddedag i kommunen 4.mai
Elevane på Mo skule og Modalen barnehagen deltek. Det er og høve for politikarane og innbyggjarane å vera med.

Det blir rydda frå Slottet til Straume. Undomskulen rydda Mostraumen og Mostraumvika.

Bossekkar kan hentast og leverast ved industribygget teknisk etat.

Me vil ha rein kommune, reine strender, rein kyst, reint hav og ein havbotn utan skrot og boss! Ver med oss å rydde strender, og du bidreg og til å løysa eit globalt miljøproblem. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjera litt. 

Dei siste åra har det vore fokus på marin forsøpling og rydding av strender langs norskekysten. Strandryddedagen er eit årleg, landsomfattande miljøtiltak der ein ryddar plast og boss frå strender i Noreg. Strandryddedagen vart arrangert for første gong i 2010. Den offisielle strandryddedagen er første eller andre lørdagen i mai kvart år, men hjå NGIR varer aksjonen i to-tre veker. I 2015 melde NGIR seg inn i «Hold Norge Rent», som jobbar for å engasjere folk til friviljuge ryddeaksjonar i norsk natur. Privatpersonar, lag og organisasjonar kan gå saman og rydde ei strand i nærområdet. Kampanjen, som går kvar vår, vert finansiert av inntekter som NGIR har på næringsavfall.

Har du spørsmål kontakt kundetorget  tlf. 56 59 90 00

Web levert av CustomPublish