Stormskada skog

Fylkesmannen i Hordaland arbeider no med å få oversikt over skadar på skog etter stormen "Nina" i fylket. 

Kommunen jobbar difor med å få inn eventuelle skadar på skogen i Modalen og ber særskilt om at grunneigarar som har stormskadar rapporterer dette til kommunen. Samstundes ber vi om at alle som har kjennskap til område med stormskadar etter stormen kontaktar kommunen.

Me ynskjer informasjon om kva geografiske område som er  ramma og gjerne eit anslag på areal og volum tømmer. Dette er viktig informasjon for å planleggje ei eventuell opprydding.

Vi understrekar at hogst av vindfall er risikofylt arbeid og det er viktig at skogeigarar søkjer profesjonell veiledning eller leiger arbeidskraft ved ei eventuell opprydding for å unngå personskade.

Kontaktperson i kommunen for skogskade:

Web levert av CustomPublish