Stønadsordningar

Kommunalt næringsfond i Modalen

På grunnlag av årleg tildelte konsesjonsavgifter frå kraftproduksjonen har Modalen etablert eit kommunalt næringsfond.

Desse midlane vert forvalta og brukt i samsvar med gjeldande vedtekter og retningslinjer.Det kan gjevast tilskot og/eller lån til prosjekt innan lokalt næringsliv og til kommunale fellestiltak. Det er vedteke særskilte stønadsordningar retta mot landbruket. 

Nærmare opplysningar om retningsliner / vedtekter finn du under næringsfond.

Osterfjord Næringssamarbeid administrer Regionalt næringsfond for Osterfjord som får tildelt statlege midlar via Hordaland fylkeskommune. Næringsfondet har eit eige styre. Nærmare opplysningar finn du under næringsfond

Innovasjon Norge fremmar bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønnsam næringsutvikling i heile landet, og utløyser ulike distrikt og regionar sine næringsmessige muligheiter gjennom å bidra til innovasjon, internasjonalisering og profilering. Innovasjon Norge tilbyr produkt og tenester som skal bidra til å utvikle distrikta, auke innovasjonen i næringslivet over heile landet og profilere norsk næringsliv og Noreg som reisemål.

Etarblerarfond for Bergensregionen (aktuelle søkjarar, krav til søknaden, vilkår for tildeling):

http://www.hordaland.no/nn-NO/naringsutvikling/entreprenorskap-og-innovasjon/etablerarfond-for-bergensregionen/

Web levert av CustomPublish