Stenging av radiobasert internettløysing

Vi minner om at den radiobaserte internettløysinga er planlagt slått av 3. januar 2011. Dei som då ikkje har gjort avtale med BKK om Altibox vil vere utan internettilgang etter dette.

Dei som ikkje har inngått slik avtale, og framleis ynskjer tilgang til internett, må kontakte BKK sitt kundesenter på telefon 05 123. Avtale om abonnement blir inngått mellom den einskilde husstand og BKK.

Om det er spørsmål til dette, ta kontakt med Modalen kommune på telefon
56 59 90 00, eller e-post: postmottak@modalen.kommune.no
For spørsmål vedkomande Altibox, eller for å melde inn eventuelle feil, ta direkte kontakt med BKK sitt kundesenter på telefon 05 123. 

Det er i dag 123 husstandar i Modalen som har Altibox tenestene tilgjengeleg. Alle bedriftene i kommunen er òg kopla opp på fiber. Arbeidet med å kople opp Uni Micro og Mosoft vil vere ferdig til nyttår.

Web levert av CustomPublish