Steinslandstunet

Steinslandstunet er det beste dømet på det tradisjonelle klyngetunet som finst att i Modalen. Klyngetun var tidligare den vanlege tunstrukturen på Vestlandet, men er no veldig sjeldan i Modalen - som ellers i landet.

Garden Steinsland ligg i enden av Steinslandsvatnet, 22. km frå kommunesenteret Mo. Grenda fekk vegsamband med nedre delar av Modalen i 1964. Garden var busett i mellomalderen. I klyngetunet på Steinsland står husa framleis slik dei gjorde før utskiftinga, og representerar ei tunform som var svært vanleg på midten av 1800-talet. Det er få att av slike tun i dag, og især i så uendra form som her. 

Løa i Steinslandstunet er det eldste huset og er frå 1700-talet. Bustadhuset er bygd i 1881. Det er det best bevarte dømet på langhus i Modalen og truleg det beste døme på denne særmerkte byggeskikken i heile distriktet. Bygningane i tunet har høg antikvarisk verdi.

Web levert av CustomPublish