Splitter ny informasjonsside om Biosfære-prosjektet

Samstundes som heimesida til Region Nordhordland / Nordhordland Utviklingsselskap IKS (NUI) har komme i nytt format,  har dei laga ei eige informasjonsside om biosfære-prosjektet. Begge dei nye heimesidene er i funksjon meir tilnærma kommunane i regionen sine nettsider, og ein håpar det vil gagne kommunane, samarbeidsaktørar og innbyggjarane i regionen med at de finn lettare fram i ei meir kjend design.

Nordhordland kan bli det første UNESCO Biosfæreområdet i Norge! Dette er ein status som vil gjere regionen til eit modellområde for berekraftig utvikling. Kort oppsummert handlar det om å byggje på det beste frå fortida og kunnskap vi har i dag, finne gode berekraftige løysingar på utfordringar, og levere regionen vår vidare i ein framifrå tilstand til dei komande generasjonar.

Gå inn på www.nordhordlandbiosphere.no for å lese meir om Biosfære-prosjektet.

Web levert av CustomPublish