Barnevern

Vaksdal kommune utfører barnevernstenestene for Modalen kommune.

Viktige nummer:

I kontortida kl 0800-1530

Telefon: 56 59 44 00

 

Desse kan formidle kontakt med det lokale barnevernet i akuttsituasjonar utanom kontortid:

Politi: 02800  (politiet kan fatte eigne vedtak i akuttsituasjonar)

Legevakt: 56 35 10 03

 

Alarmtelefon for born og unge:  tlf 11 61 11  

Generell informasjon:

Barn mellom 0 og 18 år kan få hjelp eller omsorgstenester frå barnevernet.

Barnevernstenesta arbeider etter Lov om barnevernstenester. Barnevernstenesta skal vera med og sikra omsorg og tryggleik for barn frå 0-18 år som har særlege behov. Dei aller fleste som får hjelp frå barnevernet, bur heime hjå foreldra sine. Hovudmålsetjinga er å gje god nok hjelp tidleg, slik at barnet kan halda fram å bu hjå familie og i nærleiken av nettverket sitt. Barnevernstenesta vert kontakta både av foreldra sjølv, andre privatpersonar, og offentlege instansar.

Alle offentlege etatar, som til dømes skule, barnehage, lege og helsesøster har meldeplikt til barnevernstenesta dersom dei har grunn til å tru at eit barn lir under omsorgssvikt.

Er du bekymra for eigne eller andre sine barn?

Då kan du venda deg til barnevernet, skriftleg eller munnleg. Dersom du er i tvil om dette er ei sak for barnevernet, kan du ringa og få rettleiing om dette, også anonymt.

Kva hjelp kan barnevernstenesta gje?

Døme på tiltak er råd/rettleiing, tilsynsførar, avlastning/besøksheim, plass i barnehage/skulefritidsordning, støttekontakt, økonomisk støtte til barnet slik at det kan delta i fritidsaktivitetar o.l. Barnevernstenesta kan òg hjelpa til om familien vurderer at det er naudsynt at barn i fosterheimar/institusjonar for ei tid.

I nokre saker er frivillige hjelpetiltak ikkje er nok til å gje barna god nok omsorg. Slike avgjerder vert tatt av Fylkesnemnda for sosiale saker, ikkje barnevernet sjølv. Dersom kommunen overtar omsorga, vil barnet/ungdommen få plass i ein fosterheim eller ein barnevernsinstitusjon.

Teieplikt:

Alle innan barnevernstenesta har teieplikt. Teieplikta omfattar også fødestad, fødselsdato, personnummer, adresse, statsborgarskap, sivil status og arbeidsstad.

Modalen kommune sine sosiale tenester vert i utført av NAV-kontoret.

Web levert av CustomPublish