2017

Sommarjobb for skuleungdom

Modalen kommune kan tilby sommarjobb til ungdom som er busett i Modalen. Aldersgrense er 16 – t.o.m. 23 år.

Arbeidsoppgåvene vert fordelte særleg innan teknisk etat/uteseksjonen, men arbeid på Modalstunet bu og opptrening, Modalen barnehage og reinhald i kommunale bygg kan òg vera aktuelt. Du kan setja opp ynskje om arbeidsområde og kva som passar deg, men kommunen kan likevel ta atterhald om den endelege fordelinga.


Søknaden skal innehalde:

  • Fødselsdato/personnummer
  • e-postadresse og mobilnr.
  • Tidsrom/arbeid: Mai-august                                                                    

Søknadsfrist: 18. april 2017

Send søknaden til:

Modalen kommune
Postboks 44
5732 MODALEN

Kan og sendast som e-post til:

postmottak@modalen.kommune.no

Mrk. ”Sommarjobb”

Web levert av CustomPublish