Skulestart skuleåret 2014-15

Ein lang og varm sommarferie er snart over. Eg vonar at alle har hatt det fint med bading, soling og anna som høyrer til i ein slik ferie.

Mo skule startar opp undervisninga måndag 18. august. Merk dykk at skuletida no er 08.30-14.10 alle dagar for alle elevar. Elevar i 1.-4.klasse har undervisning fram til 12.30 og SFO resten av dagen fram til skuledagen er slutt.

Skulebussen går frå Straume kl 07.50 om morgonen. Bussen frå Eidsland går kl 07.45, og frå Høvik/Vetlejord 08.05. Begge bussane har retur frå skulen kl 14.15 alle dagar. Elevar som har rett til skuleskyss får utdelt busskort fyrste skuledag.

Mo skule er svært stolt over å kunna tilby kantine med lunsj for alle elevane. Frå hausten har regjeringa bestamt at elevane ikkje lenger får gratis frukt i skulen. Samarbeidsutvalet ved Mo skule har bestemt at me likevel skal ha tilbod om frukt ved skulen vår. Kostnadane ved dette vert lagt til eigenbetalinga i kantina. Frå hausten 2014 vil det for elevane kosta 1000 kr pr halvår for lunsj med drikke og frukt kvar dag. Alle elevar vil få eit skjema heim fyrste skuledag der me ber om bekrefting på om ein ynskjer å nytta seg av kantinetilbodet.

Kulturskulen startar opp i veke 35. Elevar som allereie har tilbod her held fram med dette til det vert sagt opp. Elevar som ynskjer å byta tilbod eller søkja på noko nytt gjer dette i løpet av fyrste skuleveka.

Vel møtt til nytt skuleår!

 

Modalen, den 06. august 2014.

Venleg helsing

Jahn Olav Nordheim

Rektor

 

Web levert av CustomPublish