Skattelista for eigedomsskatt 2015

Skattelista for eigedomsskatt i Modalen kommune vert lagt til offentleg ettersyn på Coop Modalen  på Mo og Øvre Helland, på biblioteket, samt på kundetorget til Modalen kommune i 4 veker frå 27. februar 2015.

Skattytar som meiner utskrivinga er urett, kan klage på den utskrivne eigedomsskatten.

Skattytar kan klage på taksten i samband med årleg utskriving, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.

Eventuell klage kan sendast skriftleg til Modalen kommune, eigedomsskattekontoret, pb. 44, 5729 Modalen, eller på e-post til postmottak@modalen.kommune.no innan 12.04.15.

Web levert av CustomPublish