Sjølvbetjening

Det vert lagt til rette for at det skal verte enklare for deg å få tilgjenge til kommunen sine tenester, også utanom normal arbeidstid. Du kan gå inn på tenesta du søkjer og finne det du treng der. Dette gjeld  ulike ting som innmeldingsskjema i barnehage og kulturskule, meldings- og søknadsskjema i høve byggjesaker, søknad om skjenkeløyve, innsyn i offentlege dokument, t.d. postlister,  og i saker som du har til handsaming i kommunen.

Av omsyn til datatryggleik og personvern krev enkelte av desse tenestene at du legitimerer deg, til dømes via BankID, MinID eller tilsvarande.

Du finn dette i menyen kalt "Sjølvbetjening", som du finn oppe på det blå feltet. Her finn du desse menypunkta :

  • Skjema - dette fører deg til ei side der kommunen sine elektroniske skjema ligg samla. Merk at du også vil finne dei same skjema på sidene til den avdelinga som har ansvar for tenesta skjemaet gjeld.
  • Nyttige lenkjer - dette er ei samling med peikarar til sider som ligg utanfor kommunen sitt heimesideområde.
  • Nordhordlandskartet - dette er eit kart som det er knytt mykje informasjon opp mot.
  • Saka mi - via denne sida kan du skaffe deg informasjon om saker du har i kommuneforvaltninga. Merk at bruk av denne sida krev at du kan legitimere deg !
  • Til kundetorget - dette er ei peikarside til tenestetorget vårt. Her kan du få hjerlp dersom du har behov for det.
  • Kommunalt planregister - dette er ei side som fungerer som ein peikar til BraPlan, der kommunen sine planar er gjort tilgjengelege.
Web levert av CustomPublish