Serieinnspeling i Modalen

Det er for tida aukande aktivitet på Mo og omkring. Truenorth/Netflix spelar inn serie kor mykje av hendinga er lagt til Modalen.
I den samanheng vil me oppleve auke i både folk og bilar. Kanskje parkeringsplassar vert satt litt under press o.l.

Me søkjer å avgrense ein del av parkeringsområdet på Mo til filmfolka. F.o.m. 18. sept. vert det hengt opp skilt som syner dette. Modalen er kjent for å vere ein stad kor folk opplever å verte godt tatt imot. Me vonar det ikkje byr på for mange ulemper for innbyggjarane våre at det fram til ca. 15. oktober kan bli litt trongare om plassen.

Lyst til å vere statist?

Sjå følgjande lenkje: https://form.jotformeu.com/statistbesetter/-the-innocents

Web levert av CustomPublish