Administrasjonen i Modalen kommune

Med verknad frå 01.01.2013 er kommunen organisert med ein to-nivå-modell og ein stabfunksjon hjå rådmannen.

 

Det er sett fokus på korleis personalressursane er organiserast best mogleg for å løysa dei utfordringane som kommunen har til ei kvar tid  og for å ha ei enkel organisering med klare ansvars- og arbeidsoppgåver.

Sentraladministrasjonen er tillagt strategisk leiing og stabs/støttefunksjonar for heile kommunen.

Sentrale arbeidsfelt:

  • Plan og økonomi
  • Fellessekretariat for administrasjon og politiske utval
  • Arkiv og informasjon
  • IKT og næringsverksemd
  • Overordna personal- og samordningsansvar
  • Overordna ansvar for helse, miljø og tryggleik (HMT).
Web levert av CustomPublish