ROS-analyse for Modalen – ønskjer innspel til prosess

Samfunnet og ulike tenester er sårbare når uønska hendingar skjer. Ras, flaum, straumbrot og mange andre hendingar veit vi kan setje ordinære tenester ut av drift for kortare enn lengre tid i ein kommune og samfunnet ellers.

Vi har no starta arbeidet med å lage ein overordna ROS-analyse (Risiko Og Sårbarhetsanalyse) for Modalen. Til prosjektet har vi leigd inn konsulent til å hjelpa oss. Prosjektet skal avsluttast i mai. Analysen skal leggjast fram for kommunestyret i juni.

I prosjektet skal vi vurdere konsekvensane som kan oppstå i vårt lokalsamfunn om større uønska hendingar inntreff her. Dette gjeld både t.d. ras på vegar, større straumbrot, svikt i telefonsamband, men også hendingar som kan skje innan skule/barnehage, helse/omsorgstenester eller for fellestenester i sentraladministrasjonen.

Ønskjer innspel til prosessen

Alle tenesteområde i kommunen er engasjert i dette arbeidet. Vi vil også invitere til eit møte i vår, der lokale bedrifter og andre vil verte invitert til å delta. Men allereie no ønskjer vi innspel om hendingar som du eller di verksemd meiner bør vurderast.

Har du derfor ei bekymring for hendingar, som du meiner bør vurderast i dette arbeidet, så send nokre ord i ein e-post til postmottak@modalen.kommune.no eller ring rådmannen mobil 47467006.

Web levert av CustomPublish