Rett til grunnskuleopplæring for vaksne

Dersom du har behov for grunnskuleopplæring for vaksne, tek du kontakt med rektor Jahn Olav Nordheim tlf. 56 59 90 71 eller ass.rådmann Oddvin Neset tlf. 56 59 90 31.

Opplæringslova §4A – 1 lyder slik:
”Dei som er over opplæringspliktig alder, og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring, så langt dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter §3.1. Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskuleopplæring for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte. Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.”

Retten gjeld:
Vaksne som ikkje har fullført grunnskulen
Vaksne som treng meir grunnskuleopplæring for å komma inn på vidaregåande skule
Vaksne framandspråklege med bu-, opphalds- eller arbeidsløyve

Retten omfattar desse faga:
• Norsk
• Engelsk
• Matematikk
• Naturfag
• Samfunnsfag
• Religion, livssyn og etikk
• Matematikk munnleg
Du kan velja eitt eller fleire av desse faga
Du kan ta deler av eit fag
Du kan sjølv velja om du vil ta eksamen

Web levert av CustomPublish