Retningsliner utleigebustader

SØKNAD OM KOMMUNAL UTLEIGEBUSTAD.

Kriterier for utleige av kommunal utleigebustad: Tildeling vert føreteke etter ei totalvurdering. Følgjande vert tillagt vekt:

  • Om det ligg føre sosiale behov.
  • Om du har ein vanskeleg busituasjon i dag.
  • Om du er tilsett i Modalen kommune.
  • Om du har arbeidsmessig eller på anna vis har tilknyting til Modalen.
  • Om ledig husvære samsvarar med søkjaren sine behov, bustaden si plassering og storleik.
  • Om du fyller kriteriene for evnt. å leiga ungdomsbustad, bustad for eldre og uføre eller omsorgsbustad
  • På elles like vilkår, er søknadsdatoen sentral.

Rutiner for utleige av kommunal utleigebustad: Etter at søknaden er motteken, skjer vanlegvis følgjande:

  • Du får eit førebels svar, som stadfestar at søknaden er motteken.
  • Det vert bede om uttale frå sosialkontoret: Dersom det føreligg sosiale behov, eller dersom du søkjer bustad for eldre og uføre eller omsorgsbustad.
  • Tildelingsnemnd er vanlegvis ordførar og rådmann.
  • Ved usemje i tildelingsnemnda, eller i vanskelege prinsipielle saker, vert søknaden lagt fram for Hovudutval A, til avgjerd.
  • Det vert skrive leigekontrakt, dersom du får tilbod om bustad.
  • Om det ikkje er ledig kommunalt husvære, eller om du ikkje vert prioritert ved tildeling, kan du få stå på venteliste. Ventelista vert ikkje sortert i prioritert rekkefølgje, då det kan koma til søkjarar med særlege behov.
  • Tildeling skjer stort sett etterkvart om det er ledige husvære. Me har ikkje rutine med å varsla alle på ventelista, kvar gong det er føreteke ei tildeling. Derimot tek me mål av oss til å gje ei stadfesting til dei som står på venteliste, ein gong for året.Står du på venteliste, så ønskjer me melding frå deg, dersom du ikkje lenger søkjer bustad i Modalen kommune. Det hender og at me tek kontakt, for å høyra om du framleis søkjer om bustad.

Modalen 21.06.05 In

Web levert av CustomPublish