Rekneskap og årsmelding 2014

Revidert rekneskapet for 2014 er no ferdig. Også i 2014 vart det eit økonomisk godt driftsår for kommunen. Netto driftsresultat var 6.7 millionar kroner.

Dette utgjer 7.7% av samla driftsinntekt og er godt over dobbelt så høgt som tilrådd for å ha ein sunn økonomi. Rekneskapsmessig mindreforbruk var på kroner 1.595.909.  Om lag 50 % av kommunen sine samla driftsinntekter er knytt til inntekt frå kraftproduksjon.

I løpet av dei siste 5 åra er lånegjelda redusert med 10 millionar kroner. I same periode er frie fondsmidlar auka med om lag 11 millionar. Både gjennom siste år og i perioden har kommunen styrka sin økonomiske handelfridom og evne til å eigenfinansiere nye investeringar.

2014 har vore eit godt arbeidsår for Modalen kommune. Mange viktige prosjekt er gjennomført for å styrkje kommunen si evne til å levere gode tenester i åra framover. Utfyllande informasjon om aktivitet og tenester finn du i årsmeldinga.

 

Web levert av CustomPublish