Du er her: Start
Modalsdagar - vaksdalposten 3

Reiseliv

Modalen er fjellkommunen med kommunesenteret i fjøresteinane. Modalen er jordbrukskommunen med vegger av granitt og gneis. Modalen er kraftkommunen og IKT- kommunen der teknologi skapar moderne arbeidsplassar.

Aktivitet finn du i Modalen året rundt anten du søkjer vakre og mektige naturinntrykk eller ynskjer dei gode sosiale og kulturelle opplevingane.

Stølsheimen

Dalen er ein av innfallsportane til Stølsheimen som opnar for eit aktivt friluftsliv med eit stort nett av turstiar og hytter.

Kommunesenteret Mo

Kommunesenteret Mo som ligg ved Mofjorden, er vel verd ei vitjing. Langs den særmerkte bryggjerekkja med kaipromenade finn du butikk, post, kafe/restaurant, overnatting, galleri og aktivitetshuset Bryggjeslottet med basseng, bowling, bibliotek og treningsfasilitetar.

Perla i Osterfjorden

Modalen er perla i Osterfjorden ca. 1 time med bil  frå Bergen – ein liten kommune med stor kraft, som byr på mange opplevingar.

Skriv ut Skriv ut
Web levert av CustomPublish