Registrering av hole eiker i kulturlandskapet

Registrering av hole eiker i kulturlandskapet

Fylkesmannen i Hordaland skal gjennomføre ei registrering av hole eiker i kulturlandskapet i 2015. Målet er å få ei oversikt over kor mange eiker vi har og korleis det fordeler seg geografisk.

Hol eik i kulturlandskapet er ein såkalla utvald naturtype etter naturmangfaldlova, og eromfatta av eiga forskrift. Det er på bakgrunn av dette at Fylkesmannen i Hordaland har sett igang registrering av slike tre. Hole eiker har fått status som utvald naturtype fordi slike tre kan vere levestad for ei lang rekkje sjeldne artar av insekt, sopp og lav, faktisk opp mot så mange som 1500. I tillegg kan hole eiker verte 1000 år gamle, og er difor eit svært viktig innslag i kulturlandskapet.

I forskrifta er hol eik definert som eiker med omkrins på minst 200 cm, og eiker som er synlig

hole og har ein omkrins på minst 95 cm. Omkrins blir målt i brysthøgde, ca. 1,3 m over

bakken. Hol eik i produktiv skog er ikkje omfatta av forskrifta. Grunnen til dette er at slike tre

skal handterast gjennom skogbruket sitt eige system for miljøomsyn.

Fylkesmannen i Hordaland ber om tips til områder der det kan stå slike trær, enten i konsentrasjonar eller einslige trær. Fylkesmannen ynskjer tips om trær som  har ein diameter på 65 cm og ein omkrins på 200 cm i brysthøgde (1,3 meter over bakken) dersom du ikkje kan sjå at dei er hole. Dersom dei er synleg hole skal dei ha eit indre holrom som er større enn opninga, samt ein diameter på minimum 30 cm og ein omkrets på 95 cm.

Kjenner du til eiker som kan vere aktuelle, ber me om at du sender ein e-post til kommunen slik at me kan formidla det vidare til Fylkesmannen i Hordaland. E-post kan sendas til følgjande:

marius.knudsen@meland.kommune.no

 

 

Web levert av CustomPublish