Rådmann Øivind Olsnes

No har eg teke til i jobben som rådmann i Modalen.

Mange spennande oppgåver ligg framfor oss og eg har gledd meg til å starte opp.

I arbeidet vil eg leggje vekt på å ha eit godt samarbeide med dei tilsette, og eg vil ha fokus på at vi skal vere ein god serviceorganisasjon for innbyggjarar, næringsliv og andre brukarar av våre tenester.

For dei som ikkje kjenner meg så kan eg nemna at tidlegare har eg jobba mange år med næringsutvikling. Eg har vore ordførar i Vaksdal i 8 år.  Mi grunnutdanning er lærar og siste skuleåret var eg rektor ved ein barneskule i Vaksdal. 

Med helsing

Rådmann Øivind Olsnes.

Web levert av CustomPublish