Psykisk helseteneste


  • Psykisk  helseteneste  i Modalen kommune:

Psykisk helsearbeid i kommunane er tiltak retta inn mot menneske med psykiske lidingar og konsekvensar av lidingane hos den einskilde, deira familiar og nettverk.

Målgruppa omfattar både personar med lettare psykiske problem og personar med meir omfattande lidingar.

Psykisk helsearbeid har hovudfokus på at menneske i større grad skal kunne meistre  sitt eige liv. 

Det psykiske helsearbeidet i Modalen kommune har tidlegare vore organisert som ein del av pleie- og omsorgstenesta.

For å styrkje dette arbeidet  vart det oppretta ein stilling som psykisk helsearbeidar hausten 2009.

Jorunn H. Brekkhus er utdanna sjukepleiar og har sidan 1998 arbeidd innan pleie- og omsorgstenesta i Modalen kommune.

Siste året har ho gjennomført vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, og byrja i den nyoppretta stillinga som psykisk helsearbeidar hausten 2009.

Jorunn Brekkhus har kontor i Modalen Helsesenter, 1 etg. Tlf: 56 59 90 48 eller mobil: 99 09 00 02

Den psykiske helsetenesta i Modalen kommune skal vera eit  lågterskeltilbod, og pårørande, brukar sjølv eller andre i hjelpeapparatet er velkomne til å ta direkte kontakt med halsearbeidar. Det er ikkje naudsynt med tilvising frå lege.

Det psykiske helsearbeidet i Modalen omfattar:

  • Hjelp til å handtere høve der den einskilde og nettverket sine vanlege meistringsstrategiar ikkje strekk til.
  • Motivasjons- og meistringsstyrkjande tiltak.
  • Oppfylgjing av tiltak.
  • Samtalar,  kontor/heimebesøk.
  • Om ynskjeleg; vidareformidling av kontakt til    spesialisthelsetenesta, NAV eller andre aktuelle samarbeidspartar.
  • Dagsentertilbod.
  • Praktisk bistand.

Du er velkomen til å ta kontakt!

Web levert av CustomPublish