Du er her: Start/Politikk

Politisk organisering

Det er "LOV 1992-09-25 nr 107: Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven)" som regulerer kommunestyret sine fullmakter og samansetnad.

Politisk organisasjon.jpgI fylgje kommunelova § 6. fyrste avsnitt er kommunestyret det øvste kommunale organet i kommunen. Kommunestyret gjer vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna fylgjer av lov eller delegasjonsvedtak.

Kommunestyret vert vald av kommunen sine røysteføre innbyggjarar etter reglar fastsett i lov. Valet gjeld for fire år. Jf. § 7, punkt. 1.

§ 7 pkt. 2 seier at kommunestyret sitt medlemstal skal vere eit ulike tal, og kommunar ikkje over 5 000 innbyggjarar skal ha minst 11 medlemer.

Modalen kommunestyre med eit folketal på 351 (2009) har 13 medlemer.

I fylgje kommunelova § 8. pkt. 1, om formannskap heiter det at kommunestyret vel formannskap på minimum 5 medlemer.

Modalen formannskap har 5 medlemer.

2. Medlemer og varamedlemer til formannskapet vert valde for fire år mellom medlemane av kommunestyret. Valet vert halde som forholdsval når minst eit medlem krev det, og elles som avtaleval.

3. Formannskapet handsamar framlegg til økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak. Elles fastset kommunestyret sjølv område for formannskapet si verksemd. Formannskapet kan tildelast avgjerslemynde i alle saker der ikkje anna fylgjer av lov.

I § 10, pkt 1, om faste utval og komitear heiter det mellom anna at kommunestyret sjølv kan opprette faste utval for kommunale formål eller for deler av den kommunale verksemda. Slike utval skal ha minst 3 medlemer.

Web levert av CustomPublish