Helsepersonell på arbeidsseminar

Pleie- og omsorgseininga i Modalen

Representantar frå pleie- og omsorgseininga i Modalen kommune var torsdag 4. januar på arbeidsseminar på Matre.

Her vart det arbeidd med temaet «velferdsteknologi».

Me veit at det vert fleire eldre i åra som kjem. Det vert ikkje like stor vekst i talet på helsearbeidarar.

Det inneber at me må finne gode løysingar som skal virke saman med «dei varme hendene» for å gje alle innbyggjarar gode tenester.

Web levert av CustomPublish