Du er her: Start/Tenester

Opplæring i heimen ved langvarig sjukdom

Tenesteomtale

Barn i skulealder har rett til å få opplæring. Når barnet er lenge borte frå skulen på grunn av sjukdom, kan skulen ha plikt til å gje opplæring i heimen til eleven, men dette er ei avgjerd som skulen tek i samarbeid med føresette. Det avgjerande er om sjukdomen til eleven medfører eit fravær som gjer at eleven ikkje får oppfylt sin rett til opplæring eller får tilfredsstillande utbytte av opplæringa.
 
Når det vert vedteke at eleven skal få opplæring i eigen heim, er dette eit enkeltvedtak om spesialundervisning.
 
Elevar som har rett til spesialundervisning, inkludert langvarig sjuke elevar som får opplæring i heimen, har rett til det same mengd timar som elevar som mottek ordinær opplæring. Kor mange timar undervising som skal gjevast vil likevel avhenga av kor mye opplæring den sjuke eleven er i stand til å motta.
 
Elevar som får løyvd spesialundervisning, har òg rett til å få ein individuell opplæringsplan (IOP). Planen skal vise mål for og innhaldet i opplæringa og korleis han skal drivast.

Målgruppe

Elevar i grunnskule og vidaregåande skule med langvarig fravær på grunn av sjukdom.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Sjå
Opplæringslova § 2-2, kapittel 5

Opplæringslova

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Føresette til eit barn som har ein kronisk eller alvorleg sjukdom, kan ta kontakt med skulen og be om ei sakkyndig vurdering. Vurderinga vert gjort av PP-tenesta (pedagogisk-psykologisk teneste) og dannar grunnlaget for beslutningen om spesialundervisning.
 
Det kan vere naudsynt å få ei medisinsk vurdering i tillegg.

Saksbehandling

I utforminga av opplæringstilbodet eleven får, skal det leggjast stor vekt på medverknad frå både eleven og foreldra.
 
Når kommunen eller fylkeskommunen løyver spesialundervisning skal dei utarbeide ein individuell opplæringsplan (IOP) for eleven. Planen skal vise mål for og innhaldet i opplæringa og korleis han skal drivast. Der spesialundervisningen varer i eitt år eller lengjer, skal skulen utarbeide rapport som inneheld eit oversyn over den opplæringa eleven har fått og ei vurdering av utviklinga til eleven. Dette følgjer av opplæringsloven § 5-5.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal handsame saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når det vert anteke at vedtaket vert fatta.

Høve til å klage

Viss du er misnøgd med vedtaket, kan du klaga til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgt med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du henvenda deg til kommunen. Opprettheld kommunen sin avgjerd, vert saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 01.03.2018 12:20

Web levert av CustomPublish