Nyttige lenkjer

Regionrådet Nordhordland IKS tilbyr etablerarsamtaler og etablerarkurs til deg som gründar. I tillegg legg dei tilrette for at du kan byggje nettverk med andre i same situasjon ved å arrangere etablerarsamlingar.

Kom-an.no – vegvisar for nyskaping er ein nettstad for etablerarar og innovatørar - oversyn etablerarkurs, tilskotsordningar og aktørar som kan støtte entreprenørar, program- og prosjektsatsingar i Hordaland.

Regionalforvaltning.no er ein nettstad der du får oversyn over ulike stønadsordningar i Noreg. 

Regelhjelp.no skal gjera det enklare for deg og verksemda di å finne fram i regelverket innan område som: arbeidsmiljø, brann- og eksplosjonsvern, el-tryggleik, dyrevern, forureining, industrivern, internkontroll, mattryggleik, plantehelse, produkt og forbrukartenester. Regelhjelp.no omfattar no krava for 32 bransjar.

Altinn - starte og drive bedrift, har som målsetting å gjera det enklare å starte og drive næringsverksemd i Noreg.

Brønnøysundregistra er ein forvaltningsetat med ansvar for ein rekke nasjonale kontroll- og registreringsordningar for næringslivet. Etaten sit overordna mål er å bidra til økt økonomisk tryggleik og effektivitet både for næringslivet og i samfunnet generelt.

Styrevervregisteret er eit verktøy som KS tilbyr kommunar, fylkeskommunar og kommunalt eigde selskap. Her kan du søkje på personar i kommunal sektor (kommune, fylkeskommune eller kommunalt eigd selskap) og sjå deira ulike roller, som folkevalgt, tilsett, styreleiar, styremedlem og ev. andre næringsinteresser. 

Lovdata tilbyr mykje informasjon gratis på Internett. Her vil ein blant anna finne oppdaterte norske lover, oppdaterte forskrifter - både sentrale og lokale, ferske Høyesteretts- og lagmannsrettsavgjerder og Norsk Lovtidend avd. I og II for dei siste åra.

 

Web levert av CustomPublish