Nyttårsmarsjen

11. februar gjekk startskotet for ein aktivitetskonkurranse i regi av dytt. no. Fleire tilsette i Modalen kommune er i dag med på denne konkurransen.  Dei tilsette er delt inn i lag, som saman skal gå ein distanse tilsvarande Jotunheimen rundt.

Konkurransen går over 60 dagar, og målgang er den 11. april. I løpet av perioden skal deltakarane utføre aktivitet tilsvarande 450 kilometers gange. Frå startskotet går i Lærdal må deltakarane halde eit aktivitetsnivå på 10 000 skritt om dagen for å nå målet i tide. 10 000 daglege skritt fell saman med Helsedirektoratet si tilråding for dagleg mosjon.  

Alle deltakarane er blitt utstyrt med skritteljarar. Dette er eit enkelt og engasjerande konsept som aukar det fysiske aktivitetsnivået på arbeidsplassane.

I tillegg til den fysiske gevinsten, er alle deltakarar på lag som når målet i tide med i trekninga av ei rekkje reisegavekort.

 

Web levert av CustomPublish