Nytt planleggingsverktøy under utvikling i Modalen

Pleno as har det siste året hatt eit samarbeid med Modalen idrettslag og Modalen kommune for å utvikle eit nytt planleggingsverktøy på nettet. Målet er å byggje ein universell kalender der einskildpersonar, lag og organisasjonar kan planleggja og med enkle grep dela sine planar ved behov.

Pleno as har fått støtte frå Innovasjon Norge til utvikling av prosjektet. Modalen vart valt, som eit eigna og lite samfunn, til teste og utvikle ut den nye løysinga. Modalen vart også kontakta fordi ein her er kjend for å vere open for nye og innovative IKT-løysingar.

For tida føregår det ei spørjeundersøking mellom innbyggjarane i Modalen for å kartleggje ulike planleggingsbehov. Per i dag har over 60 personar svart på undersøkinga, men Pleno vonar at endå fleire vil sende inn svar på undersøkinga.

Du finn meir opplysningar om prosjektet på Pleno si facebookside:
 

Web levert av CustomPublish