Nytt om flyktningearbeidet i Modalen

Flyktningkonsulent
Sissel Hindenes har no teke til i stillinga som flyktningkonsulent. Ho gler seg til å ta fatt i arbeidet med busetting og integrering i lag med alle i Modalen. Ho seier det er flott at Modalen kommune vil hjelpe menneske på flukt frå den enorme globale flyktningkrisa som me i dag er vitne til. Sissel har kontor i kommunehuset på Mo, og er i Modalen 2-3 dagar i veka.

Busetjing
Dei flyktningane som kjem til Modalen vil mest sannsynleg vere barnefamiliar.  Ut frå den informasjonen me hittil har fått vil busettinga skje i slutten av mai. Kommunen vil busette i to av dei kommunale husværa på Mo, eit på Kyrkjeteigen og eit på Kleivane. Me vil starte med klargjering og møblering av husværa etter påske.  

Opplæring
Borna vil gå inn i ordinær skuleklasse på sitt alderssteg. Erfaring frå andre kommunar viser at borna tilpasser seg klassemiljøet og lærer norsk raskt.
Dei vaksne skal delta i eit fulltids introduksjonsprogram i inntil 2 år. Formålet med introduksjonsprogrammet er å gje deltakarane grunnleggande kunnskapar i norsk og samfunnskunnskap, samt å førebu dei for arbeidsliv eller utdanning. Store delar av innhaldet i programmet vil vere undervisning i norsk og lære om det norske samfunnet. Me vil tilsetje eigen lærar, og ha undervisninga på Mo. Etter kvart vil det vere behov for praksisplassar der dei kan få øvd på språket medan dei er ute i eit praktisk arbeid. Me vonar bedriftene i Modalen er positive til å ta inn flyktningar i slike praksisplassar.

Informasjon
Vi ynskjer å halde alle oppdatert i prosessen. Det kjem meir informasjon når me har fått nærare melding frå IMDI – Integrering – og mangfoldsdirektoratet. Me vil invitere til informasjonsmøte når me veit kva familiar som kjem, og kva land dei kjem frå.

Om nokon har spørsmål, innspel, forslag eller andre ting, så ta gjerne kontakt med kommunen sin flyktningkonsulent Sissel Hindenes

Kontaktinformasjon:
Sissel.Hindenes@masfjorden.kommune.no
Tlf. 94052965

Web levert av CustomPublish