Nytt lokalsjukehus for Modalen

Bakgrunn:
Modalen har fram til no hatt Voss sjukehus som sitt lokalsjukehus, og fått akutt-tenester derifrå.
Me har sidan 2002 hatt legevaktsamarbeid med Nordhordland via Nordhordland legevakt i Knarvik.

Alle dei andre kommunane i dette samarbeidet har Haraldsplass Diakonale Sykehus som sitt lokalsjukehus.
Pasientar frå Modalen som oppsøkjer legevakta i Knarvik og treng akutt innlegging i sjukehus, blir også i dag sendt til Bergen.

Det vart difor naturleg for Modalen å ha same lokalsjukehus som dei andre kommunane i Nordhordland.

Prosess
Kommunestyret i Modalen vedtok i fjor haust at ein skulle søkja om å få same sjukehustilknytning som dei andre Nordhordlandskommunane.
Dette har me fått positivt svar på, og frå 01.juni 2010 vil Haraldsplass vere Modalen sitt lokalsjukehus.

Konsekvenser:
Folk som bur i Modalen vil frå 01.juni få sitt tilbod om akutt hjelp i sjukehus frå Haraldsplass Diakonale Sjukehus / Helse Bergen.

-Personar som treng opphald ved medisinsk avdeling, vil bli innlagt på Haraldsplass.
-Ved kirurgiske lidingar er der eit samarbeid mellom Haukeland Universitetssykehus og Haraldsplass, slik at pasientar blir fordelt mellom desse sjukehusa.
- Ved skader som treng røntgen og evt gipsbehandling, vil dette bli gjort ved Bergen legevakt.

Uansett skal folk kontakte fastlegen eller legevakt fyrst, slik som i dag.

Ved andre tilvisingar til sjukehus/spesialist, til undersøkingar eller behandling som kan vente, er der fritt sjukehusval, og ved trong for slik tilvising, kan alle velje kvar dei vil få helsehjelpa.

Personar som i dag har behandlingsopplegg frå Voss sjukehus, held fram dette som no.
Me trur at dette nye samarbeidet vil gje innbyggjarane i Modalen gode og trygge  helsetenester, slik me fram til no har fått det frå Voss Sjukehus.

 

Web levert av CustomPublish