Ny kommunestruktur i Nordhordland ?

Regionrådet for Nordhordland har hausten 2013 fått utarbeida ein rapport som grunnlag for val av vidare prosess knytt til prosjektet «Kommunestruktur 2015». Rapporten tek for seg ulike sider ved alternative val å gå vidare med. Kommunane skal innan mars i år ta stilling til om dei vil delta i ei utgreiing av ulike moglege kommunesamanslåingar eller halde fram som eigne kommunar med fortsatt interkommunalt samarbeid.

Telemarksforsking har utarbeida rapporten. Dei tilrår no at alle kommunane i Nordhordland går vidare i prosessen ved å delta i utgreiingsløpet. Tilrådinga vert også gjeven i lys av regjeringa sine signal om at det vil koma ei endring i kommunestrukturen.

Gjennom deltaking i utgreiingsløpet vil kommunane innhente mest mogeleg kunnskap om konsekvensane av ei eventuell deltaking i ei framtidig kommunesamanslåing.

Planlagt utgreiingar tek sikte på å starte opp i juni og vere ferdig innan utgangen av 2014. Prosjektet legg opp til at konklusjonar skal leggjast ut til ei rådgjevande folkerøysting ved kommunevalet i 2015.

Web levert av CustomPublish