Ny familie frå Syria til Modalen

I slutten av november kjem ein ny familie til Modalen. Dei vert busett på Øvre Helland. Familien består av far, mor og to små jenter på 2 og 3 år. Dei er frå Syria, men kom til Noreg i november i fjor, og har vore på mottak i Sauda sidan det.

 

Me ynskjer dei velkommen !

Modalen har med dette oppfylt vedtaket sitt om å busetje 12 personar i 2016.

Web levert av CustomPublish