Skulehuset på Sunnarhaugen, Øvre Helland.

Øvre Helland skulemuseum.

Skulehuset på Sunnarhaugen vart bygd i 1888. Det var i bruk som skulehus for borna i Øvre Helland skulekrins fram til 1957, då det vart bygd nytt skulehus på Hugnastad.

Det vart bygd to skulehus i Modalen i 1888, eit på Øvre Helland og eit på Mo. I 1902 vart det og bygd eit skulehus for Nottveit krins, på Bøen ved Mostraumen. Skulehuset på Øvre Helland var i bruk til 1957, då borna frå alle krinsane vart samla i det nye skulehuset på Hugnastad. Skulehuset vart då seldt og brukt til fritidsbustad ei tid. Modalen kommune kjøpte det så tilbake og sette det i stand til skulemuseum. Her er det ein fin samling med ulike saker frå alle skulehusa i Modalen. Skulestova står enno slik ho vart bygd, utan endringar, og vert brukt til temadagar for skulen og andre tilstellingar.  I kulturminnevernplanen for Modalen er huset sett i vernegruppe B. og er såleis eit kulturminne med stor lokal verdi som bør sikrast med særskilde tiltak.

Dei to andre skulehusa i Modalen er seld til private.

Web levert av CustomPublish