Modalstunet bu og opptrening

Modalstunet_500x339_300x339[1].png Modalstunet er hovudbasen i pleie- og omsorgstenesta, og ligg på Øvre Helland.

Pleie og omsorg i Modalen kommune omfattar integrert sjukeheim og heimesjukepleie, omsorgsbustader og heimehjelpsteneste. Det er vanlegvis ikkje venteliste for å få plass på sjukeheimen. Kommunen tek etter søknad periodevis også imot pasientar frå andre kommunar.

På Modalstunet har desse tilboda sitt utspring: institusjonsopphald, heimesjukepleie, heimehjelp og dagtilbod for eldre.

Modalstunet  har 16 plassar.

Ved Modalstunet er arbeidsstova open 4 dagar for veka. Her vert gjeve dagtilbod for bebuarane og for heimebuande. Kvar fredag er det bingo i arbeidsstova. Eldre i bygda er inviterte til å delta siste fredagen i kvar månad.

Kommunefysioterapeuten vitjar sjukeheimen tysdagar og torsdagar, og gjev då tilbod til bebuarar og dagpasientar.

Web levert av CustomPublish