Modalen kulturskule

Modalen kulturskule og Mo skule samarbeidar om å gje elevane ved Mo skule eit kulturelt tilbod innan fleire felt.

Kulturskulen har høg aktivitet, det meste innan musikk- og intrumentopplæring.

For elevar som spelar instrument er det mogleg å danna grupper /band. Dette vert anten avtalt i forkant eller etter kvart som opplæringa tek til.

Kulturskulen tek sikte på å gjennomføra kortare kurs innan kunst og kultur. Døme på dette kan være teikne- eller malekurs, drama, språkkurs, matlaging og liknande.

For elevar i 1.-4.klasse er det innført ein time som heiter ”Kulturskuletimen”. Dette er eit gratis tilbod om ein time kulturskule for veka, lagt til sfo-tida. Tilbodet i denne timen vert gjeve som gruppeundervisning.

Modalen kommune har òg eit samarbeid med den ”Kulturelle skulesekken”. Det er ei nasjonal satsing som skal bidra til at elevar i skulen får møte profesjonell kunst og kultur av ulikt slag. Dette skjer ved konsertar og utstillingar ved skulen gjennom skuleåret.

 

Sjå vedlagt søknadsskjema.

 

 

 

Web levert av CustomPublish