Modalen kommune si heimeside

Tysdag 27. mai endrar vi menyane på sida, slik at det vert lettare for deg å finne informasjonen du er på jakt etter.

 

Etter at kommunane i Nordhordland kom på lufta med nye heimesider for eit knapt halvår sidan, har vi fått tilbakemeldingar – som gjer at vi ønskjer å justere framsida!

Fram til no har «start-knappen» øvst til venstre vore hovuddøra inn til all informasjon om kommunen. No legg vi om nettsida, og sorterer all informasjon om kommunen bak fire hovuddører. Dei fire nye inngangane til informasjon om kommunen, kjem ved sida av kvarandre på den same lina der «start-knappen» står i dag. Dei nye inngangane er:

  • Tenester: Her finn du informasjon om alle tenestene vi leverer til innbyggarane våre!
  • Politikk: Her kan du finne ut når det er politiske møter og laste ned innkallingar med saksutgreiingar. Du kan også lese kven som sit i dei ulike utvala, og få innsyn i postlistene til kommunen.
  • Om kommunen: Her finn du oversikt over ledige jobbar, fritidstilbod og tips til turar – anten du er turist eller innbyggar.
  • Sjølvbetening: Her kan du mellom anna laste ned skjema

Når du trykkjer på ei av inngangane over, vil det komme opp ei omfattande meny – som gir deg ei oversikt over kva informasjon du finn bak denne døra. Målet er at denne oversikta skal gjere det lett for deg å gå direkte til det tema du leitar etter.

For å gjere det endå lettare for deg, kjem det i tillegg ei rekkje snarvegar til dei mest bruke sidene på heimesida vår. Desse kjem til høgre for nyheitsfeltet på sida. Her kjem det mellom anna ei direktelenke til deg som leitar etter møteplanen for dei politiske møta, og ønskjer å sjå kva saker politikarane skal handsame på dei ulike møta.

Kom gjerne med innspel og spørsmål! Dei gjer oss betre.

E-post: anneli.vatle.lilletvedt@modalen.kommune.no

Web levert av CustomPublish