Modalen kommune kan no tilby eFaktura

Med eFaktura får du rekninga ferdig utfylt rett i nettbanken. Du kan sjølv endre sum og forfallsdato før du godkjenner. I nettbanken har du full kontroll over betalte og ubetalte rekningar.

Då vi alle har ulike krav, er difor eFaktura tilpassa forbrukar sine ynskje. Rekningane vert sendt ferdig utfylt til godkjenning i nettbanken i staden for i postkassen, og du slepp å bruka ekstra tid på inntasting av lange KID- og kontonumre. Du kan gjera eigne endringar før du godkjenner betalinga. eFakturaer som allereie er betalt, ligg tilgjengeleg i nettbankarkivet ditt i 16 månader. eFaktura høver godt til faste rekningar med variable beløp; kredittkort, telefon, strøm, forsikring osv.

Slik registrerer du ein eFaktura-avtale:

1. Du kan takke ja i nettbanken neste gong du betaler ei rekning.

2. Logg deg inn i nettbanken og inngå eFakturaavtale frå menyen. Du må oppgje din eFakturareferanse. Denne finn du på fakturaen.

eFaktura-referanse for Modalen kommune er 00+reskontronummer som står på fakturaen.  

Web levert av CustomPublish