Barnehage haust

Barnehage haust

Modalen Barnehage

Modalen barnehage har to avdelingar: Storfjellet for 0-3 åringar og Oddane for 3-6 åringar. Kjøkkenet vert nytta som fellesareal. I år er det 25 born fordelt på dei to avdelingane, med ein pedagogisk leiar i kvar avdeling.

 

Me arbeider etter ein teori omkring multiintelligens som Howard Gardner lanserte på 80-tallet. Gardner er hjerneforskar og meinar at alle er født med  ulike typane intelligensar og  at me utviklar dei og nyttar dei i ulik grad opp gjennom livet.

Hovedteorien er å byggja vidare på dei intelligensane ein er gode på, for då vil ein gradvis verte betre i dei ein ikkje er fullt så god i. Meistring er sentralt i MI (mange intelligensar) Å oppleva meistring, er eit viktig grunnlag for at barna skal få utvikla eit godt sjølvbilete. Eit godt sjølvbilete er grunnleggjande for all anna læring.

Me trur på det positive i kvar einskild. Me legg stor vekt på visjonen vår som lyder: "Ein god barnehage der tryggleik,  glede og meistring står i fokus". Ein metode me nyttar oss mykje av er "De utrolige år " av Carolyn Webster- Stratton. Denne metoden har gitt oss gode resultat i samspel med borna. Hovedmålet er å setja fokus på det som er positivt for fremma den åtferda me ynskjer å ha.

 

Modalen barnehage har eit flott uteområde, med mange nye leikeapparat og kort veg til naturområder med ein spanande klatrejungel som ligg heilt inntil barnehagen. I tillegg disponerer me bilen til Modalstunet  som me kan ta lengre utflukter med.

Barnehagen er open kvar dag kl 7.00 - kl 16.30.

De er hjarteleg velkomne til å besøkje oss for å sjå korleis me har det.

Web levert av CustomPublish