Du er her: Start»Tenester»Mo skule

Mo skule

Mo skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med om lag 70 elevar. Mo skule er også hovudbase for skulefritidsordninga, kulturskulen og vaksenopplæringa i kommunen

Skulen har gratis fruktordning, og både elevar og tilsette får tilbod om lunsj til ein rimeleg pris.

Mo skule er nyrenovert og framstår som moderne og innbydande for trivsel og læring. Skulen har gode ressursar, ikkje minst i eit godt utdanna og entusiastisk  personale.

Mo skule har fokus på læring - kunnskap - kompetanse - vurdering, der skulens satsningsområde er: vurdering, lesing, skriving og rekning, friluftsliv og samarbeid heim-skule.

Du finn meir informasjon på "It's learning" som skulen nyttar som  læringsplattform, både for elevar, føresette og dei tilsette.

 
 
Navn Stilling Tlf
Sentralbord:   56 59 90 70
Jahn Olav Nordheim: Rektor: 56 59 90 71
Anita Aase Eidsheim: Inspektør: 56 59 90 72
 
Web levert av CustomPublish