Marknad på modalsdagane

Modalsdagane i år vert arrangert frå fredag 30. juni til sundag 2. juli.

Laurdag 1. juli held me marknad i teltet på Mo slik som åra før.

Me sender ut ein brei invitasjon til m.a. dei som har teke del på julemarknaden, lag og organisasjonar m.fl. Kan hende du får 2 invitasjonar(!), eller kanskje du finn invitasjonen uaktuell for deg.

Det er flott om du melder tilbake dersom du ser at det nokon kan vere gløymd.

Invitasjon vert òg lagt ut på kommunen sine nettsider.

 

Tidspunkt for marknaden er kl. 11.00 – 15.00.

Denne første invitasjonen er for å høyre kven som ynskjer å ta del. På dette grunnlaget skal me søkje å få plass til flest mogleg.

 

Du vil i etterkant få nærare melding om praktiske sider ved arrangementet. Dette inkluderer plassering, bord m.m.

 

Gler oss til å høyre om du kan tenkje deg å ta del.

Send ein epost innan 10. mai til:

 

ove.sebo@modalen.kommune.no

Web levert av CustomPublish