LEGAT ETTER LEKTOR PH.D BIRGER JOHAN FARESTVEIT

Birger Farestveit var fødd og oppvaksen i Modalen, men budde mesteparten av sitt liv i Danmark. I sitt testamente oppretta han eit legat som skal nyttast til å hjelpa unge, dyktige Modalingar til å ta høgare utdanning.

Avhengig av kor mange som får tildelt midlar frå legatet, reknar vi med at det vil verta ei årleg tildeling i 3 til 5 år. Tildelingsutvalet er Jannike Neset, Kjell Farestveit og Knut Moe.

FORMÅL:

Midlar frå legatet skal gjevast til unge, dyktige Modalingar, som tek utdanning ved universitet eller høgskule.

Søknadfrist  30.10.14

Tildeling skjer innan 31.12.14

Utbetaling etter bestått eksamen.

Øvre aldersgrense for å søkja legatet er 30 år.

Søkjar må ha fullført grunnskulen ved Mo skule, vore busett i Modalen i min. 5 år, og vera registrert i folkeregisteret i Modalen kommune. 

Event. spørsmål kan rettast til Knut Moe, tlf 56599002

Søknad på Legatet sendast til: Tildelingsutvalet for Legatet, leiar Knut Moe.

knut.moe @modalen.kommune.no

Web levert av CustomPublish