Ledige stillingar

 

Vil du søkje ein av dei ledige stillingane i Modalen kommune?

Merk følgjande:

Alle søkjarar vert oppmoda til å nytte det elektroniske søknadskjemaet. Fyrste gongen du nyttar søkjarbasen må du sjølv oppretta brukarnamn og passord for å logge deg inn.

Det er viktig at du legg inn opplysningar om utdanning og arbeidspraksis.

Dersom du har scanna versjon av attestar og vitnemål så er det fint om du lastar desse opp i søknadsbasen. Orginalar tek du uansett med til eit eventuelt jobbintervju.

Me gjer merksam på namn på søkjarar kan verte gjort kjent gjennom offentleg søkjarliste.

Tips til søkjeprosessen
Me rår deg til å skrive søknadsbrev i vanleg tekstbehandling og lime den inn i søknadsbasen. Dette pga. at du har avgrensa tid (ca. 30 min) før du automatisk blir logga ut, og då misser det du har skrive.

Kjem du ikkje inn på oversikta over dei ledige stillingane? 
Ring kundetorget på tlf 56 59 90 00.

Verkar ikkje det elektroniske søknadsskjemaet?
Me ber om at du sender elektronisk søknad. Verkar ikkje systemet slik det skal, send søknaden på e-post til postmottak@modalen.kommune.no

Lukke til!

 

Web levert av CustomPublish