Ledig stilling som lærar

Ved Mo skule vert det ledig 100% stilling som lærar frå 7.april 2015.

 Stillinga er eit vikariat for tilsett som skal ut i svangerskapspermisjon. Arbeidet er hovudsakleg lagt til mellomsteget med kontaktlæraransvar. Det er ynskjeleg med kompetanse innan spesialpedagogikk.

Mo Skule har skuleåret 2014/15  79 elevar frå 1.-10.klasse. Skulen er nyoppussa, har gode ressursar og eit triveleg arbeidsmiljø for born og vaksne.                                              

Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor eller inspektør  på tlf 56 59 90 70/ 41 66 75 94.

Den som får tilbod om stilling må leggje fram politiattest som skissert i Forskrift til opplæringslova før endeleg tilsetjing.

 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

 

 

Søknadsfrist: Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.

 

Søknad vedlagt CV, referansar, samt kopi av vitnemål og attestar vert å senda til:

 

Modalen Kommune

Postboks 44

Tilsetjingsutvalet

5729 MODALEN

Web levert av CustomPublish