Lån og tilskot til bustadføremål

Lån og tilskot til bustadføremål

Modalen kommune får midlar frå Husbanken til vidare formidling i form av Startlån og tilskot til etablering og tilpassing av bustad. Kommunen administrerer også Husbanken si ordning med bustøtte.

Startlån kan gjevast til:

•·         Kjøp - av bustad

•·         Bygging - av bustad

•·         Refinansiering - av dyre private bustadlån der husstanden har problem med lånegjelda

•·         Utbetring/tilpassing - av bustad for funksjonshemma og eldre

Startlån er ei behovsprøvd ordning, og skal først og fremst gå til dei som har vanskar med å få lån/topplån i private bankar, eller dokumenterer behov for billegare lån.

Ordinært vedlikehald blir det normalt ikkje gjeve lån til utan at dette er knytt til ei utbetring.

Lånet vert utbetalt når arbeidet er gjort.

Renta på startlån er den til ein kvar tid gjeldande Husbankrenta.

Meir informasjon om Startlån og søknadsskjema finn du her

Tilskot til etablering skal hjelpe særleg vanskelegstilte husstandar med svak økonomi til å fullfinansiera kostnadane, anten dette gjeld kjøp av brukt bustad, eller bygging av ny. Tilskotet får pant i bustaden i 10 år - nedskrive med 10% per år. Resttilskotet vert krevd attende dersom bustaden vert seld/bruksendra innan desse 10 åra.

Meir informasjon om tilskudd til etablering finn du her

Tilskot til tilpassing kan brukast til heilt eller delvis dekking av utgifter til spesialtilpassing eller mindre utbetringar av bustaden, der husstanden har medlemmer som er funksjonshemma, har rørslevanskar, er sosialt vanskelegstilte eller er over 60 år. Ved spesielle/større ombygging/utbetring, kan tilskotssummen  kombinerast med lån, då med pant i bustad. Tilskotet får pant i bustaden i 10 år - nedskrive med 10% per år. Rest-tilskotet vert kravd tilbakebetalt dersom bustaden vert seld/bruksendra innan desse 10 åra.

Meir informasjon om tilskot til tilpassing finn du her

Bustønad er ei stønadsordning frå Husbanken som er administrert av kommunen. Føremålet med ordninga er å medverka til at eldre, uføre og barnefamiliar med svak økonomi skal kunne kjøpa eller verte buande i ein god og føremålstenleg bustad. Bustønaden er behovsprøvd ut frå forholdet mellom buutgifter og husstanden si samla inntekt. Det blir stilt krav både til husstanden og bustaden.

Meir informasjon om bustønad finn du her

For meir informasjon om desse ordningane kan du ta kontakt med Modalen kommune v/ Oddvin Neset tlf 56 59 90 31

Web levert av CustomPublish