Kva gjer ein om ein køyrer på eller finn sjukt/ skada vilt

Dersom du er uheldig og kjørar på ein hjort eller anna vilt, så er ein pliktig å varsla. Den enklaste måten er å ringja Politiet på 02800, som varslar vidare til ettersøksmannskapet. Det er ikkje straffbart å køyra på vilt, det viktigaste er å varsla om ulykka.

Varsling er også viktig med dersom det vert skader på bil. Forsikringsselskapa kan krevje stadfesting på at politiet eller kommunen er varsla om ulykka. Stadfesting får ein hos kommunen.

Her er ei enkel huskeliste ved ein vilt ulykke:

Ikkje…

… Ikkje følg etter det skada dyret sjølv. Det gjer ettersøkshundens arbeid vanskelegare.

… Ikkje prøv å avlive viltet sjølve, dette skal gjerast av kommunen.

… Ikkje ta med deg et påkøyrd og dødt vilt utan løyve.

Men …

… Sikre ulykkesstaden med varseltrekant og naudblink.

… Ring 02800 for å varsle politiet med ein gong, dette for at ettersøket kan starte så tidleg så mogleg og viltet unngår unødig plage.

… Få oversyn over eventuelt skadde personar og ring 113 dersom dei treng hjelp.

… Merk påkjørselsstaden med eit viltband eller anna (tau, pose eller liknande).

… Oppsøk lege viss du har smerter i nakke eller hovud etter påkjørsel.

Ved viltulykke kontakt politiet på 02800

 

Dersom en kjem over sjukt- eller skadd vilt i nærområdet eller på tur, ring kommunen eller ring politiet. Dette gjer at man raskt kan avgjere om viltet trengs avlivast og for å unngå at sjuke eller skadde dyr gjer skade på personer eller eigedom.

Kjem du over sjukt- eller skada vilt kontakt kommunen på  telefon: 56 59 90 00

Eventuelt politiet på telefon: 02800

Web levert av CustomPublish