Du er her: Start/Tenester/Kultur

Kultur

Kulturkontoret ligg i samfunnshuset på Mo, 2. høgda.

 

Modalen kommune har eit rikt kulturliv. Bryggjeslottet er eit allaktivitetshus som rommar symjehall, bowling, treningsrom, folkebibliotek og idrettshall/konserthall. Her går det føre seg mange og varierte aktivitetar som organiserte idrettstilbod, teater, konsertar og bygdekino. Bryggjeslottet er ein mykje brukt møtestad for innbyggjarane i Modalen.

Kommunen har mange kulturminne. Kulturminnevern er ei høgt prioritert oppgåve. Det er laga eigen kulturminnevernplan (frå 2000), og ein kan få kommunalt tilskot til restaurering av kulturminne.

 

Lokalhistoriske bøker

  • Ei historisk reise i bilete
  • Menneske i naturen
  • Elva som fødde bygda
  • Den vesle kraftkaren
  • Modalsmat
  • Turar i Modalen og Stølsheimen
  • Bygdebøkene, bind 1. og 2.

 

Friluftsliv

Modalen er turkommunen og innfallsporten til Stølsheimen - det store fjellområdet mellom Sogn og vossebygdene. Dette er eit av dei vakraste fjellområda på vestlandet. Modalen har naturperler som Otterstadstølen, Slottet og Nygardsområdet. Her er mange merka turvegar og gode tilhøve for jakt, fiske og friluftsliv. Modalen har eit variert og unikt turterreng. I desse fjellområda kan du finna både glede, mosjon og tid til stille ettertanke.

 

Kulturkontoret har m.a. ansvar for:

Den kulturelle skulesekken, statlege spelemidlar, turistinformasjon, fritidsklubb, frivilligheit, folkehelse, tilskot til lag og organisasjonar, tilskot til kulturminnevern, samordning av aktivitetar, kulturkalender, modalsdagane, barna sin dag, modalsmarknad og tilrettelegging for friluftsliv.

Kulturkontoret samarbeider med skule, bibliotek og barnehage om  forfattarvitjingar, barneteater, utstillingar, konsertar, og kulturkveldar.

 

Web levert av CustomPublish